Landet i berget det blå av Åsulv Edland fra Hus og Heim

Landet i berget det blå av Åsulv Edland

Landet i berget det blå av Åsulv Edland.

Ei samling folkeeventyr som Åsulv Edland har samla inn om ting som hende i Landet i berget det blå. Innsamlaren er ein enkel gut frå ein liten gard i dei øvre bygder i Telemark. Familien var stor, men ikkje rik. Dei eide nåla i veggen og hadde nok til salt i grauten, men heller ikkje stort meir.
I eventyra høyrer vi om vestavéret som reinska ut dei fleste frå tingstoge og rådshus. Dei blå-blå danna regjering med støtte frå dei ljosegrøne og gule. Folk skulle få køyre så fort dei ville med skjenelause køyregreier på vegane og med rattkjelke og reinsdyr på vidda.
Vi møter óg Arne frå Skeisemoen, flaskesamlaren i Eikebergskrenten, muskelmannen i Landet austanfor sol, Fabian Wenkeson, eventyrteiknaren som vann halve verda og fleire andre.
Eventyra frå Landet i berget det blå er illustrert av ein annan telemarking, Inge Grødum, med framifrå strekar og fargar.

Forfatter: Åsulv Edland
Forlag: Svein Sandnes Bokforlag

250,00 kr

Lukk