Luftslottet av Åsulv Edland fra Hus og Heim

Luftslottet av Åsulv Edland

Luftslottet av Åsulv Edland.

Det har skjedd store omveltningar i mange lokalsamfunn etter den andre verdenskrigen slutta. Jorda blei dyrka opp og det blei innlagt springvatn og elektrisk straum. Telefonen kom med nytt frå heile verda og bygdefolk imellom. Det som så fint heiter infrastruktur blei forandra slik at folk fekk andre levevilkår.
Dette er ei bok om ei bygd i forandring og utvikling, sett gjennom augo til ein gut som blei fødd på slutten av krigen. Han minnest ikkje krigen, han høyrde dei andre rødde om krigen. Han minnes så langt tilbake som til 1948. Boka fortel om dagleglivet i ei fjellbygd mellom austlandet og vestlandet. Bygda er ikkje isolert, for her går ei hovedtrafikkåre mellom Austlandet og Vestlandet ? postvegen. Bileta frå bygda spenner over tidsrommet mellom 1948 ? 1959, så han som fortel reiste ut og trudde han skulle bli noko stort. Han tok luftslottet med seg ut.
Boka er ei blanding av fakta og fiksjon, sjølv om namna på personane her er verkelege nok. Foto som er bruka er tatt av bygda sine eigen folk som minne frå ei tid som ikkje er meir. Ei tid som er vel verd å minnast. Ei tid under ein blå himmel.

Forfatter: Åsulv Edland
Forlag: Rogaland Forlag

250,00 kr

Lukk